
«Kvar er dei robotane me vart lovde? Noværande utsikter innanfor menneske-robot samarbeid»
Robotikkteknologien har kome langt dei seinare åra. Me har gjort store framsteg i å få robotar til å samarbeide med menneske og betre samhandlinga deira. Men me ser framleis ikkje R2D2-liknande robotar i kvardagen. Så, kvar er dei robotane me vart lova?
Forskar Gizem Venås kjem til Sogndal for å forsøke å gje oss svar.
Dette foredraget vil sjå på den noværande situasjonen innanefor menneske-robot samarbeid, diskutere kva me har oppnådd så langt, både dei internasjonale og regionale utviklingane, utfordringane me står ovanfor, og kva framtida kan ha å by på for robotar i kvardagen vår.
Arrangementet er i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og del av markeringa av Forskingsdagane 2025.