“Landskaper forteller” med førsteamanuensis Deta Gasser

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek
Norsk Geologisk Forening har i 2024 gitt ut boka «Landskapet forteller: 100 historier om Norges geologi». Boka tek lesaren med på ei reise gjennom det vakre landet vårt – frå eldgamle gullførande bergartar i Nord-Noreg til fantastiske rullesteintrendar i Sør-Noreg, og frå forsteina sanddyner på Austlandet til mineral frå jordas indre på Vestlandet.
Det er ei reise gjennom tid, med forteljingar om utviklinga i livet på jorda, store kontinent-kollisjonar, og istider som omfatta heile kloden. Forteljingane viser også korleis menneska har teke i bruk geologiske ressursar gjennom tidene, og korleis samfunnet vårt er djupt prega av landskapet rundt oss.
Berggrunnsgeolog, som no er blitt professor, Deta Gasser frå Høgskulen på Vestlandet held foredrag om boka 26. januar kl. 19 på Sogndal bibliotek. Ho tek oss med til nokre av stadene, på Vestlandet men også elles i landet, og vil visa kva ein må sjå etter og vita om for å kunna lesa dei spennande historiene som landskapet rundt oss har å fortelja! Det vil også vera mogleg å kjøpa boka.