Portrett av Kirsten Flaten saman med framsida av boka "Pedagogikk og humor"

“Latter og smil på blå resept” med Kirsten Flaten

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Visste du at å dyrka humor og le er ein av dei meste effektive måtane å henta fram godkjensla? Latter bringer òg fokus vekk frå sinne, skuldkjensle, relasjonsstress og negative kjensler – og kan gje deg ei lita pause frå dei mange bekymringane som kanskje har dukka opp i kvardagen.

Søndag 5. mai er verdas latterdag, og biblioteket i Sogndal ynskjer å markere dagen. I den samanheng inviterer me til foredrag med Kirsten Flaten om, nettopp latter.

Kirsten H. Flaten, dosent i spesialpedagogikk ved HVL er særskilt oppteken av psykisk helse og er overtydd om kor viktig humor er i førebygging og behandling av ulike psykologiske utfordringar. I 2021 gav ho ut bok om temaet: “Pedagogikk og humor: på godt og vondt”.