Portrett av Ingeborg Arvola, Kjersti Bergersen, Sadik Qaka, Anna-Sabina Sggiu og Anderz Eide i svart/kvitt

Lesetimen 2024: Leselunsj

Dato

Tid

Stad

Me ynskjer velkommen til ein hyggeleg time hos biblioteket i Sogndal!

Lesetimen 2024 blir markert med ein felles leselunsj, direktestrøyma frå Litteraturhuset i Oslo. Lesetimen blir markert kvart år 8. september, og oppmodar alle til å lese ein time på FN sin Internasjonale dag for lese- og skriveferdigheit. I år er 8. september på ein søndag, og lesetimen markerast difor fredag 6. september mellom kl. 12 og 13.

Forfattarar og skodespelarar les høgt frå utvalte bøker. Disse kan du høyre:

  • Forfattar Ingeborg Arvola les frå bokserien “Ruijan rannalla – Sanger fra Ishavet”.
  • Forfattar Kjersti Bergersen les frå si novellesamling “Palliasjon”.
  • Forfattar Sadik Qaka les frå si ferske diktsamling “Bestemors bok”, med dikt på norsk og albansk.
  • Forfattar Anna-Sabina Soggiu les frå si bok “Vi fattigfolk”.
  • Skodespelar Anderz Eide les frå Claire Keegan si bok “I seneste laget”, omsett av Merete Alfsen.

Arrangementet er ope for alle. Ta med matpakka og bli med på ei hyggeleg lesestund!