Portrett av Line Stalsberg

Linn Stalsberg: Krig er forakt for liv – eit føredrag om fred

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek
Få med deg eit høgaktuelt føredrag om konflikt, krig og fredsarbeid ved ein av Noregs sterkaste stemmer for fred, Linn Stalsberg.
Gaza er jamna med jorda, våpenkvila heng i ein tynn tråd, og Israel går inn på Vestbreidda med full styrke, samtidig som Russland sin angrepskrig mot Ukraina har vart i tre år. Verda har ikkje sett så mørk ut på lenge, takka vere statsleiarar som Trump, Netanyahu og Putin, som får frykta for krig til å rykke nærare for stadig fleire.
«Å tro at ødelagte menneskekropper er veien til fred er intent annet enn en dystopi», skriv Linn Stalsberg i si nyaste bok, “Krig er forakt for liv – et essay om fred”, som kom ut på Res Publica i 2024.
Stalsberg er forfattar, sosiolog og spaltist i avisene Klassekampen og Vårt Land. Ho er òg ein talsperson for fred, og meiner vi må nærme oss krigens livsfiendtlege og miljøskadelege herjingar ved å snakke meir om dei som har dyrka fred, dialog og forsoning.
Ein viktig grunn til at vi må trappe opp arbeidet for fred, er at verda står midt i ei klima- og naturkrise som det hastar å løyse. I staden rustar ein seg til krig over heile verda.
«Det er knapt noko som er så øydeleggande for kloden vår som våpenindustrien. Både arbeidar- og kvinnerørsla har tradisjonelt kjempa fredens sak. I dag må fredsrørsla òg alliere seg med miljørørsla i kampen for alt levande», heiter det i Norli sin omtale av Stalsberg si bok.
Arrangørar: Palestinakomiteen i Sogn, Sogndal bibliotek, Sogndal Venstre, Sogndal SV, MDG Sogndal og Raudt Sogndal.