Lokalhistorisk laurdagsmøte med Rasmus Sunde
Laurdag 8. november kl. 14 vert det foredrag om utvandringa til Amerika på biblioteket.
I dette foredraget vil han fortelja om den opposjonelle gruppa på 52 personar som drog ut frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Han vil vidare forklara korleis og kvifor utvandringa gjekk i bølgjer fram til 1960. Me vil óg få høyra meir om utvandringa frå Sogn.
Rasmus Sunde har doktorgrad på utvandringa til Amerika.
