Lokalhistorisk laurdagsmøte med Rune Timberlid – Slaget ved Fimreite
Kva veit me om slaget ved Fimreite i dag?
Sjøslaget i Norafjorden i 1184 er eit av dei viktigaste slaga i norsk historie. Med utgangspunkt i den nye boka si, vil forfattar Rune Timberlid gå gjennom kva me har av kunnskap om eit av dei største sjøslaga me har hatt.
Kvar startar og kvar endar det brutale slaget? Kor mange deltok og kor mange fall? Rune Timberlid fortel om kva vi har fått av kunnskap frå nye søk etter spor i fjorden.
Forfattaren inviterer òg til diskusjon om eit anna sentralt tema: Korleis kan me gjera slaget ved Fimreite meir synleg?
Denne viktige historiske hendinga har lenge vore altfor usynleg – ikkje minst gjeld det i vårt eige distrikt. Som vertskommune for slaget har Sogndal og sogndølene eit særleg ansvar for å halda i hevd kunneskapet om slaget ved Fimreite. Korleis løyser me best denne?