Mamma med meir: lykke, slit og sanning
Ærleg om det å vera mor, kjensler og fellesskap.
Me inviterer til ein kveld der me løfter blikket mot morsrolla sine mange sider – dei lysaste og dei mørkaste. Bli med på ei reise gjennom historia om mødrers liv – frå oversett til sett!
Å bli mor er ei velsigning – eit møte med noko heilagt, sårbart og nytt. Men når overgangen ikkje går som ein trudde, når lyset vert for sterkt og kroppen for tung, kan morsrolle kjennast som eit mørke ingen hadde førebudd ein på. I eit samfunn der mødrer skal klare alt, kan unge kvinner falle stille- utan at nokon ser kor djupt dei fell. For der morsrolla burde vere eit løft, kan det òg bli eit fall. Og i det fallet treng vi ikkje fleire dommar – vi treng openheit, omsorg og rom for heile sanninga om å bli mor.
Møt Julianne Sperle-Rydberg, lektor og historikar, som står bak instagramkontoen «Historisk morskap». Julianne Rydberg fortel om korleis mødrer har blitt sett – og oversett – gjennom historia. Me snakkar om fødselsdepresjon, samfunnets krav, og korleis me kan ta betre vare på mødrer i dag. Etter foredraget kan du stille spørsmål og snakke med helsestasjonstenesta. Kirsten Flaten leier samtalen, deler sine mangeårige erfaringar frå BUP, og vil gjerne høyre deltakarane sine tankar og erfaringar.
Rom for refleksjon, samtale og deling av erfaringar!
Rom for refleksjon, samtale og deling av erfaringar!
Bli med på samtale, refleksjon og rom for å dele erfaringar.
