Portrett av Marit Eikemo

Marit Eikemo på forfattarbesøk

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.
Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Vi er brødrene Eikemo (terningskast 6! ). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.
 
Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
Litterære prisar
SAMLAGSPRISEN 2019
AMALIE SKRAM-PRISEN 2017
Går til ein kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Skrams and.
SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.
ODDA MÅLLAG SIN MÅLLAGSPRIS.
Velkomne!