Portrett av forfattar Ola Stedje Hanserud ved sidan av eit raudt mikrohus

Mikrohus: mindre plass, meir fridom med Ola Stedje Hanserud

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek
Kva er eit mikrohus? Korleis skalerer du ned til eit liv i mikrohus? Kvar kan huset plasserast, kva med vatn og avløp, og korleis søkjer du løyve frå kommunen?
Forfattar Ola Stedje Hanserud gir svar på desse spørsmåla – og mange fleire – og tek deg med gjennom heile overgangen frå ein tradisjonell bustad til eit liv i mikrohus.

Mikrohus er ei relativt ny buform i Noreg, med stort potensial som ein meir økonomisk frigjerande, fleksibel og miljøvenleg måte å leve på.
Hanserud presenterer heile breidda i mikrohuskonseptet, basert på samtalar med andre mikrohusbustadfolk og aktørar i bransjen, relevant litteratur og eigne erfaringar frå bygginga av sitt eige mikrohus.