Portrett av Marianne S. Lundblad og framsida av boka "Natureffekten"

«Natureffekten» med Marianne Sleire Lundblad

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Onsdag 22. oktober kl 18 kan du bli med tilbake til naturen!

Ny forsking syner at vi er meir fråkopla naturen enn nokon gong tidlegare. Samstundes er tid ute i naturen blant det sunnaste og klokaste vi kan gje oss sjølve. Men kvifor har vi gløymt å vere der? Med bakgrunn som psykolog, og med utgangspunkt i dei fire elementa – jord, vatn, eld og luft – utforskar Marianne Sleire Lundblad korleis naturen kan lege, styrke og lindre både kropp og sjel.

Marianne Sleire Lundblad er psykolog og filmskapar med ein stor kjærleik for natur, barn og formidling. Ho står bak barne-TV-serien Nysgjerrige Noah, der ho inviterer born og vaksne til å oppleve undring, nærleik og glede saman med naturen. I 2025 kom boka hennar Natureffekten, som ser på korleis naturen kan styrkje både kropp og sinn, og ho deler tankane sine vidare i podkasten med same namn.

Arrangementet er del av Sogndal bibliotek si markering av Verdsdagen for psykisk helse.