Ord som treff – boklansering med Kari Rannveig Hellevang
Kari Rannveig Hellevang debuterer med diktsamlinga Meteord – ei modig og ærleg reise gjennom sjukmelding, krise og ei seindiagnose som endra alt.
Ho er samfunnsvitar, ungdomskoordinator og mor til to. Oppvaksen i Sogndal, med mange år i Spania bak seg, kom Kari Rannveig Hellevang (42) heim att i 2019. Fem år seinare er ho klar med si første diktsamling – og ho skjønar sjølv at det var på høg tid.
– Eg skriv, difor ser eg. Det er ikkje berre ein fin setning – det er noko eg verkeleg har erfart, seier Hellevang.
