Politisk verkstad for innvandrarar i Sogn – Val 2025
Er du innvandrar? Har du stemmerett og lurer på korleis du skal bruke denne? Eller vil du berre får meir informasjon om kva som skjer i samfunnet? Då er dette for deg!
Det blir debatt og stands med dei politiske partia i Blaoboxen denne laurdagen.
Kva kan du forvente:
Diskusjon om norskopplæring, jobb og arbeidstrening, barn og utdanning, helse, likestilling og diskriminering og andre aktuelle tema. Du har òg moglegheit til å stille spørsmål til partirepesentantar om partiprogrammet deira. Du får òg praktisk opplæring i korleis du fyller ut stemmesetlar.
Stem, fordi det handlar om meir enn politikk – det handlar om deg, dine og framtida.
Arrangementet er utarbeidd av Sogndal innvandrarråd, Sogndal bibliotek og Sogndal kulturhus.
