Logoar til Likestillingssenteret på Vestlandet, Vestlnd fylkeskommune og Sogndal bibliotek over ei rekke med personar med ulik utsjånad på lilla bakgrunn

Rasisme og antirasisme i kvardagen – korleis skapar me inkluderande lokalsamfunn?

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Har du opplevd å bli dårlegare behandla på grunn av etnisitet, religion eller hudfarge, eller har du sett andre bli det? Ønskjer du å lære meir om korleis praktisere antirasisme, eller diskutere gode strategiar for korleis ein kan seie ifrå om rasisme ein opplever sjølv eller ser andre oppleve? Bli med på dialogmøte på Sogndal bibliotek!

qr-kode til påmelding og informasjon

Scann QR-koden for meir informasjon og påmelding

I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ei anitrasistisk sone. I samband med dette, inviterer Likestillingssenteret på Vestlandet og Sogndal bibliotek til dialogmøte om rasisme og antirasisme i kvardagen.
Her er alle velkommen, så lenge du deler målet om eit lokalsamfunn fritt for rasisme. Du kan lære meir om kva utfordringar rasisme kan skape i kvardagen, dele av eigne erfaringar på feltet og bidra inn i ein viktig dialog om sunne miljø og tryggleik.
Arrangementet vil mellom anna ta opp samtalen om kva rasisme er og korleis det kjem til uttrykk i dagens samfunn. Samstundes skal vi drøfte korleis fremje like moglegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Det vil bli lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane. Ta med bestevennen, bestemor og naboen og kom på samtale om korleis skape gode lokalsamfunn for alle!
Dialogmøtet vi bli leia av Nertila Stringa og Viljar Eidsvik.
Dialogmøtet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Vestland Fylkeskommune og ein del av arbeidet for at Vestland skal vere ei antirasistisk sone.
Arrangementet er gratis, men med påmelding. Du finn påmeldingsskjema på Likestillingssenteret KUN sine nettsider eller via QR-koden.