
Sinnamekker’n Ståle Eskeland til Sogndal bibliotek
Torsdag 13. juni treff du Ståle Eskeland i biblioteket i Sogndal.
Ståle deler sitt engasjement for gamle bilar med sjel med sine mange følgarar i sosiale medium og det siste året har mange hatt glede av dette engasjementet i bokform. Boka “Sinnamekker’ns bilalbum : bilar med sjel” vart utgjeven i 2023 og låg nok under juletreet til mange bilentusiastar.
I juni kan du møte Ståle hjå biblioteket i Sogndal! Kanskje vert det høve til å sjå litt bilar med sjel i bygda den dagen òg?
Gratis inngang.
Samlaget skriv om “Sinnamekker’ns bilalbum”:
“Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap.
Eskeland presenterer vitale mål og fysiske detaljar, men minst like viktig er historiene om motorstopp og kollisjonar, kjøp og sal, langturar på smale vegar og reparasjonane som aldri tok slutt. Bilen er langt meir enn eit transportmiddel for mange, særleg på bygda. Bilen er samlingsplass, meistring og tidtrøyte.
Dette er boka for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser.
Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.”