“Skjebnevalg i USA” med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
Skjebneval i USA med dei to tidlegare USA-korrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.
Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.
Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare enn nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan det bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?
Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.
Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemt abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Kven er best eigna, ei svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller ein kvit mann, eks-president Donald Trump.
Denne gongen er det likevel mange som meiner at det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.
Alt dette og meir vert det kasta lys over, og bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.
Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane.