Bildecolage relatert til SognaCon 2025

SognaCon – buttons- og perleverkstad

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Laurdag 1. mars er det SognaCon i kulturhuset!

Hjå biblioteket kan du bli med på verkstad mellom kl. 10 og 14, og lage buttons og pixel art med perler.

Intensjonen bak SognaCon
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.

I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.

SognaCon 2025 vert arrangert av Sogndal Kulturhus, Sogndal Bibliotek og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.

Du finn oversikt over programmet og meir info på sida www.sognacon.no
I tillegg er SognaCon på Instagram og Facebook