Farlege skurkestrekar Sommarles 2026

Sommarles 2026

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Frå 1.juni til 31. august kan du bli med på årets høgdepunkt: Sommarles!

Alle som gå på 1. – 7. trinn kan delta, og det er heilt gratis. På Sommarles.no kan du registrere bøker du les eller høyrer, bøker du les sjølv og bøker som blir lese for deg. Kvar gong du registrerer ei bok, får du poeng og går etter kvart opp i level. Nytt av året er at det er tida du brukar på lesing som gir poeng, framfor sider som tidlegare. Etter kvart som du les får du digitale trofé på nettsida, og kan hente premiar i biblioteka.

Frå 1. juni kan du registrere deg på Sommarles.no, følg lenka og lag ein profil. Har du ein profil frå i fjor kan du bruke denne i år óg. Har du utfordringar, ta kontakt med biblioteka så skal me hjelpe.