Sør-Afrika – Norge på sykkel
25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel!
Bli med på ei unik reise på to hjul. Gjennom spektakulære landskap, rike kulturar, lammande 50°C og bitande -30°C, opplevde Teresie all kjærleiken og omsorgen som kjenneteiknar menneskemøter.
Etter 6 år i Cape Town bestemte Teresie seg for å sykle heim istaden for å fly, med eit ynskje om å redusere sitt eige karbonavtrykk. Resultatet var altså 4 år på sykkel gjennom 26 land.
Dette handlar om meir enn å sykle. Det handlar om eit individ si evne, mot til å lytte til seg sjølv. Det handlar om all omsorga og kjærleiken som kjenneteiknar alle menneskemøta langs vegen, på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar. Det handlar om fantastisk natur, nytenking og kreativitet. Om at det å vere klimavenleg ikkje treng vere kjedeleg eller gå ut over livskvalitet. Tvert imot.
Dette handlar om eit kjærleiks- og klimaeventyr. Det handlar om eit eventyr for livet!
