Trygg i den digitale kvardagen ved Digdir
Kristine Håland og Margrethe Goksøyr frå Digdir kjem til biblioteket for å hjelpe oss vere trygge i den digitale kvardagen.
Korleis kan me kjenne att digital svindel? Kva bør me tenkje på før me klikkar på ei lenkje, deler informasjon eller tek i bruk ei ny digital teneste? Korleis kan me bruke ny teknologi på ein trygg og smart måte?
Bli med på foredraget og få svar på det du lurer på!
