«Vegen som vart min» med Oddgeir Bruaset
Bli med på eit tilbakeblikk med Oddgeir Bruaset.
Frå omtalen av boka:
«I over 40 år har han samla folket framfor TV-skjerm og radio. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.
Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.
I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.»
