Bokkassar
Bokkassar frå biblioteket
Ta kontakt med biblioteket dersom du vil bestilla bokkassar til klassen din. For å laga klar bokkassane, treng me informasjon om kva for klassetrinn/aldersgruppe som skal ha bøkene og gjerne kor mange bøker ein ønskjer. Me låner ut bøkene på læraren sitt klassekort.
De kan gjerne gje beskjed om de ønskjer bøker om eit særskilt tema, om de ønskjer faktabøker, lettlesbøker, teikneseriar og så vidare.
Me gir beskjed når bokkassane er klare til å hentast på biblioteket. Bøkene må òg leverast tilbake på biblioteket.
Klassesett
Dersom du treng fleire eksemplar av den same boka, til dømes til ein heil klasse, kan du bestilla klassesett frå Nasjonalbiblioteket v/Depotbiblioteket. Bestilling av klassesett går no gjennom folkebiblioteket, som òg kan bidra med tips til gode leseopplevingar.
Skulane kan ikkje lenger bestilla klassesett på eiga hand. Bøkene hentast og leverast på biblioteket.
Bestill klassesett gjennom biblioteket: sogndalbib@sogndal.kommune.no / tlf. 57 62 96 60. Me treng namn på skule og lærar, tittel på boka og tal bøker.