Biblio

Du må nytte appen Biblio for å låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Vestland.

Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i Biblio-appen!

PC, nettbrett og mobilskjerm som syner appen Biblio

Korleis låne e-bøker?

  • Last ned appen Biblio på mobilen eller nettbrettet ditt. Appen finst både i Google Play og App store.
  • Du må ha ein brukar for å logge inn. Det er to alternativ:
    • Du har ein Feide-brukar frå ein skule i fylket: Logg inn med denne brukaren.
    • Du opprettar ein ny brukar:
      Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din. Registrer så lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  • Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.

Treng du hjelp?

Gå til leverandørens support-sider, eller bruk hjelpesidene bak spørjeteiknet i appen. Du kan også spørje om hjelp på biblioteket ditt.