Lånereglar
Lånereglar for biblioteka i Sogndal kommune
Biblioteket si verksemd er regulert gjennom Lov om folkebibliotek.
- Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort mot å visa legitimasjon. Det er gratis å låna.
Barn som ikkje er begynt på skulen, må låna på foreldra eller dei føresette sitt lånekort.
Lånekortet bør takast med kvar gong ein vil låna. Lånaren pliktar å melda adresseforandring eller tap av lånekort til biblioteket. - Lånaren er ansvarleg for alt materiale som vert lånt på kortet. Tap og skader må erstattast etter biblioteket sine reglar.
- Lånetida er til vanleg 4 veker. Det er mogeleg å fornya lånet dersom materialet ikkje er reservert av andre.
Dei viktigaste unntaka er:
Språkkurs: 2 månader
Tidsskrift: 2 veker. Nyaste nummer er ikke til utlån.
Delar av biblioteket sine samlingar er ikkje til utlån, men må brukast i biblioteket. - Det er høve til å reservera bøker. Biblioteket kan òg låna inn bøker frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar. Lånaren kan òg sjølv tinga og reservera bøker ved å logga seg inn på heimesida.
- Personalet har teieplikt om alt som gjeld lånarane og utlån.
- Ved misleghald kan lånaren mista retten til å låna.
Erstatning av bøker og anna materiale
Lånaren er ansvarleg for alt materiale hen låner og må erstatta eventuelle tap og skader, jfr. utlånsreglementet for Sogndal bibliotek.
Biblioteket vurderer erstatningssummen i kvart einskild tilfelle ut frå følgjande kriterium:
- Er det vanskeleg å få erstatta boka?
- Er materialet innlånt frå anna bibliotek?
- Kva kostar det å kjøpa inn eit nytt eksemplar?
- Kor mange gonger har boka/ materialet vore utlånt? Har det vore stor slitasje?
- Er det barn som har lånt, vert erstatningssummen redusert.
Minstesatsar for erstatningskrav ;
Barnebok: kr. 200,-
Vaksenbok: kr. 400,-
Lokalhistorisk materiale: Min. kr. 400,- Eller tilsvarande nytt materiale
Språkkurs: kr. 500,-
DVD-filmar: kr. 200,-
Musikk-cd: kr. 200,-
Teikneseriar: kr. 200,-
Tidsskrift: kr. 100,-
Lydbøker: tilsvarande ny
Har ein lånar betalt, for så å finna att boka eller anna lånt materiale, får vedkomande refundert utgiftene ved innlevering med frådrag for eit gebyr på kr. 100,- pr. bok/anna materiale.
Erstatningskrav som ikkje vert betalt vert sendt til inkasso.