Barnehagebibliotek

Minibibliotek i barnehagen

Barnehagane i Sogndal kommune har høve til å ha sitt eige minibibliotek i barnehagen. Biblioteket kan levera bokkassar i barnehagen, eller barnehagane kan henta bokkassane på biblioteket. Når de får bøkene på plass i barnehagen, kan barn og føresette låna bøker med seg heim, eller ein kan berre bruka bøkene saman med barna i barnehagen.

Tøyveskebiblioteket Les med meg!

Tøyveskebiblioteket Les med meg! går ut på at barnefamiliar får låna med seg ei tøyveske med høgtlesingsbøker heim frå barnehagen, og levera på same stad. Det er ein enkel måte å få bøker til heimen, både for dei som ikkje har mange bøker heime frå før, og for dei som i ein hektisk kvardag ikkje alltid kjem seg på biblioteket.

Tøyveskebiblioteket er eit samarbeid mellom biblioteket og barnehagane. Biblioteket pakkar bøker i tøyvesker og køyrer ut til barnehagane, og barnehagane sørger for at tøyveskene får ein synleg plassering. Tøyveskene og bøkene er ferdig merka og klare til utlån.

Kontakt biblioteket dersom barnehagen din ønskjer å starta opp barnehagebibliotek eller ha tøyveskebibliotek.

Når me leverer bøker i barnehagen, kan me gjerne ha ei lita lesestund med barna. Ta kontakt på førehand om dette er ønskjeleg: sogndalbib@sogndal.kommune.no

Tøyvesker