Bokkassar
Bokkassar frå biblioteket
Ta kontakt med biblioteket dersom du vil bestilla bokkassar til klassen din. For å laga klar bokkassane, treng me informasjon om kva for klassetrinn/aldersgruppe som skal ha bøkene og gjerne kor mange bøker ein ønskjer. Me låner ut bøkene på læraren sitt klassekort.
De kan gjerne gje beskjed om de ønskjer bøker om eit særskilt tema, om de ønskjer faktabøker, lettlesbøker, teikneseriar og så vidare.
Me gir beskjed når bokkassane er klare til å hentast på biblioteket. Bøkene må òg leverast tilbake på biblioteket.
Klassesett
Dersom du treng fleire eksemplar av den same boka, til dømes til ein heil klasse, kan du bestilla klassesett. Lærarar kan låna klassesett med bøker til bruk i undervisninga frå Bibliotekutvikling Vestland. Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Du bestiller klassesett/gruppesett sjølv og hentar bøkene på eitt av biblioteka i Sogndal kommune.