Bokpresentasjon for skuleklassar
Formidling av gode og nye bøker for barn og unge
Biblioteket vil gjerne formidla nye og gode bøker og tilbyr bokpresentasjon til skuleklassar. Me presenterer eit utval bøker som passar til målgruppa. Målet er at elevane finn seg ei bok dei har lyst til å lesa.
Klassane kan komma på biblioteket eller me kan møta elevane på skulane, til dømes i samband med leseprosjekt og liknande.
Ta kontakt med biblioteket der du bur, eller send ein e-post til sogndalbib@sogndal.kommune.no.