Digitale biletbøker på fire språk
SPrELL
Forskningsprosjektet SPrELL ved Nasjonalt lesesenter handlar om litteratur og læring av språk. Ein del av prosjektet har vore å oppretta eit digital bibliotek med biletbøker på fire språk. Sju av desse bøkene er no fritt tilgjengelege og kan lesast på nett.
Seks av biletbøkene er på nynorsk, ei på bokmål og alle er i tillegg tilgjengelege på polsk, litauisk og arabisk. Til kvar bok kan ein velja om ein vil lesa sjølv eller lytta til lydbok.

Bøkene frå SPrELL-biblioteket
Les eller lytt til barnebøkene saman: