Leseknappen
Lesemotivasjon på 2. trinn
Leseknappen er eit tilbod til alle 2. klassingane i Sogndal kommune. Når barna les ti bøker på eiga hand, får dei sin eigen leseknapp frå biblioteket. Leseknappen er eit prosjekt mellom bibliotek, skule og heim.
Kva er Leseknappen?
Leseknappen er eit flott emaljert jakkemerke i fargar, utforma av barnebokillustratør Elisabeth Moseng. Når barna får leseknappen sin, så viser dette at dei har lært å lesa.
Elevane får invitasjon til å komma med klassen på biblioteket. Der blir det ei lita lesestund og litt tips til bøker som er fine å lesa i samband med leseknappen. Elevane får med seg eit lesekort heim, med plass til å skriva ti bøker dei les.
Når lesekortet er ferdig utfylt, kan eleven tilbake til biblioteket for å levera inn lesekortet sitt og få sin eigen leseknapp!
Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.