Sommarles
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1. – 7. klasse vera med på Sommarles!
Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje, som gjer lesing endå kjekkare! Det er heilt gratis å vera med på Sommarles, og du kan vinna premiar!
Registrer deg på sommarles.no frå 1. juni. Her kan du registrera bøker du les, samla poeng og få lesetips. Du kan òg løysa oppgåver og anbefala bøker til andre. Etter kvart som du registrerer bøker, går du opp i level og kan henta premiar på biblioteket.
På sommarles.no kan du lesa den eksklusive Sommarlesforteljinga, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Årets sommarlesforteljing heiter “Fanga i spelet”, og det kjem eit nytt kapittel om Asbjørn og Astrid kvar veke. Du kan velja om du vil lesa forteljinga på skjerm eller høyra ho som lyd. All lesing tel like mykje, og du kan difor lesa sjølv, høyra lydbøker eller bli lesen for. Dersom du har nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar, kan du gjerne låna lydbøker hjå Tibi.
Sommarles er for alle barn i 1. til 7. klasse, men er òg for deg som skal starta i 1. klasse til hausten og deg som skal byrja i 8. klasse.
På slutten av lesekampanjen blir det stor fest på biblioteket for å feira alle sommarlesarane! Meir informasjon om festen kjem i løpet av sommaren.
Vil du vita mer om Sommarles? Sjå altom.sommerles.no