Lokalhistorisk arkiv

Privatarkiv

Arkivmateriale frå lag, organisasjonar og privatpersonar i Sogndal kommune vert oppbevart i det lokalhistoriske arkivet på Sogndal kulturhus. Alt arkivmateriale som ikkje er klausulert kan du be om å få sjå i biblioteket. Du må fylla ut eit skjema med namnet ditt, kva du ønskjer å sjå, og kva du skal bruka det til. Dette blir deretter tilgjengeleg for deg etter avtale, i biblioteket si opningstid.

Kommunalt arkivmateriale

Det eldre arkivmaterialet for Sogndal kommune frå 1837 til om lag 1970-1980 blir oppbevart hjå Fylkesarkivet i Vestland på Leikanger.

Noko av det kommunale arkivmaterialet er digitalisert av Fylkesarkivet. Frå sommaren 2025 skal det igjen bli høve til å nytta lesesalen ved fylkesarkivet og materialet vil då bli tilgjengeleg.