Slektgransking

Er du ute etter kunnskap om ein enkeltperson eller familien din sitt opphav?
Hjå Sogndalsbiblioteka finn du litteratur og hjelpemiddel dersom du ønskjer å driva med slektsforskning. Me har bygdebøker frå gamle Sogn og Fjordane fylke, og dersom du ønskjer bygdebøker eller annan litteratur som ikkje finst på Sogndalsbiblioteka, bestiller me gjerne inn frå andre bibliotek.

Bygdebøker frå Sogn og Fjordane hjå Sogndalsbiblioteka

Bøker om slektsgransking hjå Sogndalsbiblioteka

Nyttige nettstader for slektsgranskarar

Fylkesarkivet i Vestland Her kan du mellom anna søka i digitaliserte fotoarkiv, private og offentlege arkiv, og du kan søka etter musikk og stadnamn. Du kan òg søka på persondata frå kyrkjebøker og folketeljingar frå Sogn og Fjordane. Her finn du òg databasar med historiske foto som ofte har personopplysningar.
Digitalarkivet. Digitalarkivet er Arkivverket sin publiseringskanal for arkivmateriale. Her kan du finna folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900, 1910 og 1920. I tillegg finn du skanna kyrkjebøker, tinglysingsdokument og skiftemateriale.
Slektogdata.no. “Slekt og data” er Noreg sin største organisasjon for slektsforskarar. Dette er eit forum for for organisasjonen “Databehandling i slektsforsking”. Dei tek opp aktuelle emne for slektsforskarar og arrangerer møte om dette. DIS Norge gir ut tidsskriftet “Slekt og data”.

Hjå Bergen offentlege bibliotek kan du sjå deira gardsregister, der kan du finna ut kva for bygdebok som omhandlar den garden du er spesielt interessert i. Registeret omfattar gardane i tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane.