Bokomslag

Den dagen Nils Vik døydde

Nils Vik legg ut på den siste ferda si med båten han har brukt til å frakta folk over fjorden heile livet. Han veit at han skal døy denne dagen. På vegen over fjorden minnest han mange av dei han har frakta over fjorden, ikkje minst kona si, Marta, som var og er den store og einaste kjærleiken. Den dagen Nils Vik døydde er ei stille og varm bok om døden, men mest om livet og kjærleiken. Frode Grytten er ein særs verdig vinnar av Brageprisen for skjønnlitteratur for denne boka.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok