En amerikansk forbrytelse : drapene i Osage County og dannelsen av FBI
- Forfattar:
- David Grann
David Grann fortel om utnyttinga av Osage-folket i Oklahoma på starten av 1900-talet. Osage-folket klarte å skaffe seg gode avtalar med den amerikanske staten rett før man fann olje på reservatet. I 1921 forsvinn Anna Brown frå Osage-reservatet i Oklahoma. Ho er det første offeret i ein serie brutale drap, der alle dei drepte er medlemmer av Osage-stammen, eller deira støttespelarar. Dette vart starten på det såkalla «terrorveldet i Osage county», og kulminerte i danninga av FBI under Edgar J. Hoover.
Grann skildrar sakens kjennsgjerningar frå samtida og let etterkommarane fortelje i no-tida.
Omtalen er skrive av Anita ved Sogndalsbiblioteka.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne