Framsida av boka Hjemsøkelsen av Louise Erdrich

Hjemsøkelsen

Forfattar:
Louise Erdrich
Lån boka

Tookie har, etter mange år i fengsel, fått jobb i ein bokhandel i Minneapolis. Bokhandelen blir, etter Tookies meining, heimsøkt av deira ivrigaste kunde, Flora. Med urolegheitane i USA i desse åra som bakteppe, forsøker Tookie å forstå Flora, seg sjølv og alt denne urolege tida medfører av isolasjon, sorg og valdsame demonstrasjonar.

Eit sterkt bilete frå eit vanleg liv i USA, i svært uvanlege tider.

Omtalen er skriven av Anita ved Sogndalsbiblioteka.

Kategorier: 
Boktips til vaksne