Framsida av boka "Kongenes knokler"

Kongenes knokler : hvordan vikingene formet England – Sogndalsbasen

Cat Jarman er norsk bio-arkeolog som bur og arbeider i England. Hennar forskingsfelt er vikingtida og dei biologiske arkeologiske spora. I «Kongenes knokler» tek ho utgangspunkt i knoklane som ligg i ei kiste i katedralen i Winchester. Ho fortel korleis England såg ut og vart skapt i den tida då menneska desse knoklane stammar frå levde. Eller stammar knoklane frå dei menneska me trur?

Dersom du er nyfiken på dei mange og lange reisene vikingane tok kringom i Europa og Asia, så kan Cat gje deg informasjon om det òg. Då skal du lese boka hennar «Elvekonger».

Boktipset er skrive av Anita ved Sogndalsbiblioteka.

Kategorier: 
Boktips til vaksne