Framsidebilete av boka "The house in the cerulean sea"

The house in the Cerulean Sea

Linus Baker jobbar som saksbehandlar i Department in Charge of Magical Youth og brukar dagane til å passe på at barna i dei statseigde barneheimane har det bra. Dagane er stort sett grå og einsarta, men han har fast jobb og faste rutinar. Linus sin kvardag blir plutseleg rykka opp då han får eit høgst uventa og høgst hemmelegstempla oppdrag: han skal inspisere Marsyas Island og seks svært farlege barn. Bli med Linus i det han overkjem frykt og fordommar og forelskar seg i øya, borna og ikkje minst i Arthur, den sjarmerande leiaren for barneheimen.

Anita anbefaler boka på det sterkaste!

Boka er enno ikkje omsett til norsk, og finst difor berre på engelsk.

Kategorier: 
Boktips til ungdom