Under huda
- Forfattar:
- Aleksander Brun
Skuggen dansar på veggen, siluetten av ein person i eit mørkt vindauge og ei kvinne sminkar seg framfor speigelen. Slik startar nokre av dei 8 novellene i denne samlinga. Kvardagslege augneblikkshendingar, men forteljingane tek fort ei litt meir skrekkeleg vending.
Med god nynorsk og godt språk får forteljaren fram gåsehuda hjå lesaren. Det kriblar litt ekstra under huda i det du må sjå deg ein ekstra gong over skuldra i godstolen..
Omtalen er skriven av Anita, Sogndal bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne