Den lokale kulturelle skulesekken
Velkommen til bibliotekbesøk!
Biblioteket inviterer faste klassesteg til biblioteket i samband med Sogndal kommune sin lokale plan for den kulturelle skulesekken.
2. trinn
Alle 2. klassingar får invitasjon til å komma på biblioteket med klassen, for å få informasjon om Leseknappen. Alle som les ti bøker og leverer inn lesekort får sin eigen leseknapp!
5. trinn
Alle elevar på 5. trinn blir inviterte til å vera med på forfattarbesøk. Når elevane går i 4. klasse, er dei med og stemmer på kva for forfattar dei har lyst til å ha besøk av året etter. Då får alle elevane besøk av nokon frå biblioteket, og dei får tips til gode bøker og aktuelle forfattarar dei kan stemma på.
6. trinn
Alle på 6. trinn får invitasjon til bokprat på biblioteket. Når klassen er på bibliotekbesøk, får dei høyra om nye og gode bøker dei kan låna.
8. trinn
Alle på 8. trinn får invitasjon til å komma på klassebesøk på biblioteket, for å høyra om nye og gode bøker.